Vårlotteriet 2021

Det tradisjonelle vårlotteriet er i gong. Du kan kjøpa lodd av seljarar utanfor Eurospar Rosendal i dei neste vekene. Men vi går ikkje rundt på dørene. Du kan derimot berre Vippsa oss. Det er 10 kroner pr. lodd. Send pengar til leiar Reidunn Seim Steffensen 99640091 og skriv «Lotteri». (Rosendal Skulekorps har eigen Vipps, men for lotteriet ønskjer vi å samla innbetalingane hos dei ulike loddseljarane.)

Vi har fått enormt mange flotte gevinstar frå bedrifter i heile Kvinnherad og utanfor. Tusen takk til dei for støtta! Sjekk gevinstlista for å sjå alt du kan vinna.

Trekkinga er 10. juni.

Kommentarer er stengt.

Lag et nettsted eller blogg på WordPress.com

opp ↑

%d bloggere like this: