Bli med i korpset!

HEI DU SOM GÅR I 2. ELLER 3.KLASSE!

Har du lyst å spela i korps? Vi i Rosendal skulekorps har veldig lyst at DU skal begynna å spela med oss! Korps er gøy! Der er små og store, gutar og jenter i lag- spelar musikk og har det kjempegøy!! Vanligvis har vi ein liten konsert på våren, og etterpå får alle som vil prøva å spela på instrumenta. Men det går jo ikkje no når det coronatid.

For å begynna i korpset må du fyrst vera aspirant i eit år i lag med dei andre aspirantane, så startar du i korpset.

Vi håpar å sjå deg som aspirant i korpset etter sommarferien.

Til dei føresette:
Påmeldingsskjema ligg her, fristen er 15. juli.

Som aspirant er det øving ein gong pr veke, ein treng ikkje ha eige instrument.

I korpset er det eit positivt og trygt miljø, vi har stort fokus på det sosiale i tillegg til det musikalske.

Helsing oss i Rosendal Skulekorps

Kommentarer er stengt.

Lag et nettsted eller blogg på WordPress.com

opp ↑

%d bloggere liker dette: