Ny sesong!

Då er vi i gong med ein ny sesong!

Håpar alle har fått lada batteria i sommar og er klare for ein ny, spennande sesong. Denne hausten skal vi har eit spennande prosjekt i anledning 60-års jubileet til skulekorpset. Sebastian Lamberg Torjusen har tatt på seg å laga eit opplegg som skal resultera i ein konsert 23. oktober. Sebastian får med seg fleire dyktige musikarar frå Eikanger musikklag, der han speler tuba. Eikanger er eliten i korpsmiljøet i Noreg, og har vunne EM i korps. Vi er veldig heldige som får vera med på dette, og eg trur det blir veldig kjekt for musikantane. Eg gler meg allereie til konsert!

Helsing Reidun. 🥰

Her på nettsida er det lagt ut terminliste og øvingstider, og oversikt over foreldrevakter.

Kommentarer er stengt.

Lag et nettsted eller blogg på WordPress.com

opp ↑

%d bloggere liker dette: